MEDLEMSKONTIGENT IL FANARÅK 2021

 

 

 

 

IL FANARÅK  v/ kasserar Jakob Øygard, 6877 FORTUN 

  

IL Fanaråk skal vere eit idrettslag for bygdefolket samstundes som ein skal drive med inntektsbringande aktivitetar. På facebookog Friskus kan du til ein kvar tid halde deg oppdatert om kva aktivitetar som føregår. 

Aktivitetar gjennom året: barneidrett, ski, turorientering, fotball, volleyball og torsdagstrim. Me tek gjerne i mot ros og ris og forslag til aktivitetar. 

Som medlem i IL Fanaråk får du rabatt på Sportsbui i Gaupne (Sport 1). Her er det eit eige rabattkort som du må ha for å få rabatten. Dersom du har kort frå før vil du få ein oblat på kortet ditt når du kjem på butikken, for nye medlemmar kan du hente kortet ditt i Gaupne.  

Me har ny frist for betaling av medlemsskapsavgifta – 1.april 2021, då sender me samla liste til butikken over dei som har betalt. Betalar du etter denne fristen må du rekne med at det går 1-2 veker før ein har registrert at du har betalt, og kan få kortet ditt. 

Som før er det viktig å merke betalinga og sende namn og fødselsdato til Anne Marie (e-post: ambolstad@gmail.com, tlf 414 79 983). På Min Idrett ha du oversikt over eige medlemsskap. Er eposten din rett der vil du få giro når medlemsskapsavgifta skal betalast.  

Kontingenten er: 

Familie:                      kr 600,-                                                                                   

Medlem over 20år      kr 200,-                                                                                  

Medlem under 20 år   kr 200,-                                                                      

Støttemedlem             kr 200- 

Kontonr for innbetaling: 3785 60 11179 

Mvh 

Styret, IL Fanaråk 

 

 Min idrett
 
 
  


  

 
 
    


  

 

Oppdatert den 7.april. 2021  av Einar Skagen