10-16. august vert den tradisjonelle Sognefjellsmarsjen arrangert for 32. gong. I år kan du gå heile veka, når du sjølv ynskjer det. Arrangørane vil vere i Turtagrø søndag 16.august. Om du vel å gå 16.august, hugs på retningslinene for smittevern.

Start søndag 16.august: Herva mellom kl.10-12. Frå Herva er det 10 km til Turtagrø. Alle må vera i Turtagrø før kl. 17.00.

Startkontingent kr. 150,-. I år kan denne betalast via Vipps på #522111 (merk «Sognefjellsmarsjen») eller via innbetaling til kontonr:3785 20 05808

Premiering: Det er 5-10-15-20- 25 og 30 års-premiering. Dersom du går ein annan dag enn søndag 16.august kan du ringe/sende melding til tlf 41479983 slik at me får registrert deg og ettersendt premie.

Buss: det går buss til Herva. Buss passerer Herva frå både Lom og Sogndal.

 

På IL Fanaråk sitt årsmøte i 2020 vart det bestemt at dette er den siste gongen Sognefjellsmarsjen blir arrangert. IL Fanaråk vil takke alle dykk som har delteke trufast opp gjennom åra. Mange av dykk har gått denne marsjen i over 30 år, og det står det respekt av!

For siste gong ynskjer me velkommen til både liten og stor til denne fantastiske turen i ein av dei mest naturskjønne fjellovergangane i Norge.

 

IL Fanaråk

Kontakt: 41479983